Lørdag 18. januar kl. 14.00 starter vi sesongen i KonsertGalleriet med et smell!

Snirkelsongar er ei samling små finurlege melodiar skrive av munnspelar Sondre Ferstad med tekstar på nynorsk av vokalist Heidi Skjerve. Musikken er lågmælt, vakker og utforskande, med rom for spontaniteten og det skapande samspelet ein kan finne i jazzmusikken. Trøorgelet, med referansar til både salmetradisjon og visesong, står sentralt og skaper eit nært og intimt uttrykk.

Så – det vi alle ventar på
er å finne ein forunderleg vakker melodi
som snirklar seg igjennom ein uventa harmoni
Sildrar varsamt ut av hendene
lindrar eit slitent øyre

Så ­– det vi alle ventar på
er ein song som lurar hjarta til å slå – i same takt
slik at blodet dansar gjennom kroppen

Besetning:
Sondre Ferstad – munnspel og vokal
Heidi Skjerve – vokal
Vegard Lien Bjerkan – trøorgel
Morten Berger Stai – bass